PROGRAM
Våren 2025
7. januar. Tom Hetland fortel om tur til Amerika i fotspora til utvandrarne.
11. februar. Årsmøte. Kjell Olav Stangeland fortel om Torvald Tu og les stubbar.
18. mars. Kulturkveld saman med kyrkja. Foredrag av professor Jørn Øyrehagen Sund
23. april. Torbjørn Færøvik; Landbygdlivet i India.
23.mai. Storstova K kl 18. Gullgutane frå Suldal. Syngjespel om utvandring til Amerika. " FARVEL DU MODER NORGE."
2.juni til 5.juni. Busstur. "Natur og kultur i Ryfylke".
By John Smith posted July 30, 2015
Lagsturar
Dokumentasjon
Boknemnd
Dokumentasjon
Referat frå møter/turar
«KULTUR OG NATUR», TUR MED TIME HISTORIELAG 27.05 - 01.06.24.
Grytidleg måndag 27. mai tok 30 forventningsfulle historieinteresserte sjeler frå Jæren ut på ein 6 dagar lang busstur med naturopplevingar og kulturhistorie. Turen gjennom 4 fylke var arrangert av Time historielag i samarbeid med Ingvars reiser. Bussen frakta oss trygt og komfortabelt på både motorvegar og vegar så smale at berre ein sjåfør som Ingvar kan få ein buss fram. Leiar Tarald Oma i Time historielag formidla gjennom heile turen både tal og interessant informasjon om kvar av dei 27 kommunane me var innom. Den første føremiddagen fekk me t.d. høyra at Stavanger etter kommunesamanslåinga ligg på landstoppen både når det gjeld tomatproduksjon og antal sauer og verpehøner, at Utstein kloster for godt 100 år sidan gjekk konkurs og vart kjøpt av Rogaland ungdomslag, og at Karmøy kommune er betydeleg større enn Haugesund både i folketal og areal. Første stopp måndagen var Nordvegen historiesenter og Olavskirken på Avaldsnes, Karmøy. Ein engasjert og tidsriktig kledd guide formidla både historiske fakta og fortalde om dette flotte historiesenteret som vart åpna i 2005. Harald Hårfagre hadde kongssetet sitt her frå år 870. Til ettertanke for oss er Karmøy tydeleg stoltare av si historiske tilknytting til Harald hårfagre og slaget i Hafrsfjord enn det me er her sør. Me fekk sjekka at den skråstilte bautasteinen «Jomfru Marias synål» held seg i trygg avstand frå kyrkjeveggen; då ligg ennå dommedag fram i tid, i fylgje segnet. Ein stopp på Haraldshaugen nord i Haugesund vart det og, riksmonumentet som vart reist i 1872, 1000 år etter slaget i Hafrsfjord og samlinga av Noreg til eitt rike. Dei 29 bautasteinane rundt Haraldsstøtta representerer dei 29 norske fylka i 1872.
På Bømlo entra historielagmedlem Kristian Staveland bussen og tok oss med på ei interessant omvising på øya. Me fekk sjå kor idyllisk, frodig og variert Bømlo faktisk er, fekk oppleva at bussen vår takla kilometervis med smale svingete vegar, såg oss om i Moster amfi, og fekk ei interessant omvising i og rundt Gamle Moster kyrkje som er frå første halvdel av 1100-talet. Me benka oss så i eit flott gamalt sjøhus i Sønstabøvåg, til ettermiddagskaffi v/ Kristian og Marit, og lokalhistorisk føredrag v/ Torleif frå Bremnes sogelag. Etterpå gjekk turen til Stord hotell der middagsbuffet og gode hotellsenger venta på oss etter ein lang og innhaldsrik historiedag.
Tysdag 28. mai rulla bussen nordaustover gjennom tettbygde område og nydeleg natur i storkommunen Bergen, mot den store innlandsøya Osterøy. Øya er del av Nordhordland biosfæreområde som er einaste norske biosfæreområde på UNESCO si verdensarv-liste. Historielag-medlem og turdeltakar Tora Aasland var leiar av den norske UNESCO-kommisjonen 2013-2021. Ho gav oss ei innføring i kva det å vera eit biosfæreområde inneber, dette med å kombinera bruk og vern, og nytta denne kunnskapen til å finna gode bærekraftige løysingar. Vårt mål på Osterøy var Havråtunet med sitt unike klyngetun og tilhøyrande intakte kulturlandskap. Tunet og innmarka vart freda i 1973, og i 1998 vart heile garden med sine 8 bruk freda. Havrå ligg inn under Musea i Hordaland og har fleire fast tilsette som driftar og vedlikeheld den brattlendte garden. I sol og lett regn fekk me ei særs interessant omvisning på Havråtunet, innsikt i naturalhushaldet og korleis jorda og bygningane her vart skjøtta før i tida, og korleis anlegget vert drive og vedlikehalde nå. Det var fascinerande å sjå dei gamle særmerkte stavbygde løene med vegger av skiferheller og brakekledning. På vegen vidare mot Voss hadde me ein stopp på fabrikkutsalet i Dale, der fleire turdeltakarar utvida garderoben med fine ullplagg. Neste stopp var Evanger. I finveret fekk me ein god spasertur oppover bakkane til Kvilekval, der leiaren i Vassvøri sogelag ynskte oss velkomne til Knute Nelson sin barndomsheim. Han vart fødd her i 1842, utvandra i 1849 til Amerika saman med si ugifte mor, og er den mest vidgjetne norske emigrant i USA. Den oppvakte guten fekk høve til å utdanna seg til jurist, vart statsadvokat og politikar, var guvernør i Minnesota på 1890-talet, vart senator og sat i kongressen i 30 år. Huset på Kvilekval er bygd rundt år 1800, og vart heldigvis på 1900-talet restaurert og freda, og kom i Voss kommune si eige. Ein gild og innhaldsrik dag vart runda av med middagsbuffet og sosialt samvær på hotellet vårt på Voss.
Etter frukost onsdag 29. mai gjekk turen til Mølstertunet, Voss folkemuseum. Me fekk presentert utstillingane i det flotte museumsbygget, og omvising i sjølve Mølstertunet i det strålande veret. Dette rekkjetunet vart verna i 1923 og kjøpt av Voss folkemuseum som offisielt opna i 1928. Me var innom fleire av dei utgamle bygningane med torvtak og tak av vossaskifer (dei største platene 2 m2), og avdelingsleiar Eirik Helleve (med mykje slekt på Jæren og mor frå Nærbø) gav oss innblikk i korleis folk levde på Mølstertunet. Mange av oss kunne nok tenkt oss fleire timar både her og på Havråtunet, noko som indikerer dyktige og dedikerte formidlarar begge stadar.
Frå Mølstertunet køyrde me nordaustover til Stalheim hotell der ein flott lunsjbuffet venta på oss. Frå det inngjerda stupet var det høve til å nyta spektakulær utsikt ut over Nærøydalen (som munnar i Gudvangen inst i Nærøyfjorden). Så benka me oss rundt Randi Engelsen Eide, tipp-tipp-oldebarn av Per Sivle sin farbror Sjur, for å høyra henne fortelja om diktaren. Frå møteromet vårt på Stalheim kunne me sjå opp til Sivle der ho driv garden sin. Med stor kunnskap og innleving framførte ho dikt og tekstar av Per Sivle (f. 1857) og fortalde om livet og forfattarskapen hans. Mora, Susanne Ryom frå Flåm, hadde 3 tvillingfødslar på 2,5 år. Per var den første og einaste levandefødde av dei 6, og mora døydde i barsel. Faren Eirik var ein bemidla hestehandlar, og forstod at den skuleflinke guten måtte få gjera det han aller helst ville: lesa, filosofera, dagdrøyma, studera. Per arbeidde som journalist, var avisredaktør m.a. i venstreavisa Christianiaposten (som seinare vart VG), han var politisk engasjert, oppteken av nasjonsbyggjing, målsak og dialektbruk, og omgangsven av Arne og Hulda Garborg. Han er ein av dei store norske diktarane, og forfattarskapen femnar både songar, dikt og andre tekstar, som t.d. vossastubbane hans. Me fekk høyra korleis kronisk hovudverk etter alvorleg sjukdom (meslingar) som vaksen etterkvart førte til høgt alkoholforbruk, psykisk sjukdom og til slutt sjølvmord i 1904. På turen tilbake til Voss vitja me Oppheim gamle kyrkjegard med minnesmerket «Mor si grav», avduka i 2007. Per Sivle skreiv 21 år gamal «Den fyrste song» til mora han alltid hadde sakna. I nydeleg ettermiddagslys stilte me oss rundt det vakre minnesmerket og song «Den fyrste song eg høyra fekk».
Vår andre kveld på Voss vart nytta til middagsbuffet, sosialt samvær og fordøying av mange inntrykk frå nok ein gild og interessant historiedag. Torsdag føremiddag gjekk turen vidare sørover i Hardanger med første stopp på Haugesenteret i diktaren Olav H. Hauge si vakre heimbygd Ulvik. Her budde Hauge heile livet. Haugesenteret, Noregs einaste reine poesimuseum, er del av Nynorsk kultursentrum, og vart opna i det gamle heradshuset i Ulvik i 2014. Me fekk ei interessant omvising i museet, og vart viste ein nydeleg film om Olav H. Hauge, og kunne med omsorg for bokhylla vår heime rusla rundt og handla i nok ein fin museumsbutikk.
Etter lunsj i Ulvik gjekk turen over Hardangerbrua og sørover på austsida av Sørfjorden med ein stopp hjå «Epli Sideri» på Børve kai. Der bunkra mange av oss opp edle epledråpar og sørga for flaskeklirring på hattehylla resten av bussturen. I nydeleg ver gjekk turen vidare gjennom vidstrakte naturskjønne Ullensvang kommune som nå omfattar både Odda og Røldal (kaffi og softis der), før me køyrde inn i Vinje i Telemark. Tarald kunne fortelja at Vinje kommune med sine 3723 km2 er like stor som Vestfold fylke, med særs god plass til kvar av dei knapt 4000 vinjebuane. Me kom til Morgedal hotell og fekk tid til ein beinstrekk før me kunne nyta ein rikhaldig middagsbuffet. I peisestova vart det drøs og allsong til langt på kveld.
Fredag 31. mai heldt me oss i Vinje, og første stopp var Vinjesenteret som også er ein del av Nynorsk kultursentrum. Vinjesenteret er eit nasjonalt senter for dikting og journalistikk med utgangspunkt i dei fire lokale forfattarane Aasmund Olavsson Vinje (som har fått ein flott statue på tunet), Aslaug Vaa, Tarjei Vesaas og Halldis Moren Vesaas. Desse fire, og særleg Aa.O.Vinje, vart særs viktige i arbeidet med å gjera nynorsken til eit levande bruksspråk både i dikting og journalistikk. Me fekk omvising i utstillingane som omfatta både skjønnlitteratur, journalistikk, og mykje interessant informasjon om og tekstar av dei fire lokale forfattarane. Også her fekk me høve til å handla i ein flott museumsbutikk. Ein kort busstur austover kom me til Midtbø, heimen til Tarjei Vesaas (1897-1970) og Halldis Moren Vesaas (1907-1995). Deira 88-årige son Olav Vesaas var komen eins ærend frå Oslo og tok i mot oss på tunet der han vaks opp saman med forfattarforeldra og Guri, syster si. Olav, som er filolog, forfattar og journalist, har m.a. skrive biografiar om foreldra sine og Aa.O.Vinje. Etter litt drøs ute i det nydelege veret benka me oss inne i stova og fekk høyra Olav Vesaas fortelja om heimen, oppveksten og foreldra, om forfattarskapen og liva deira. Tarjei kjøpte garden Midtbø av onkelen sin i 1930 og busette seg der saman med Halldis då dei gifta seg i 1934. Den lydhøyre og nesten andektige forsamlinga høyrde Olav fortelja om livet i heimen og om foreldra sine opphald i utlandet, særleg Tyskland, om fellesskapet med forfattarvener i Noreg og Norden, om Halldis som både var lyrikar og oversetjar, og om Tarjei og historiar knytte til fleire av bøkene hans. Olav karakteriserte faren som «veldig snill», ein mann som ville vera for seg sjølv og ikkje var ute etter ære og pengar, og t.d. takka nei til å bu i statens æresbustad Grotten i Oslo. På Midtbø hadde han alltid forpaktar, men hjelpte sjølv til i onnene, slik han også gjorde på heimegarden Vesaas. At Halldis var ekstraordinært god med fargar var me ikkje tvil om, både då me såg oss om i den fargerike stova, og fekk sjå arbeidsroma til Tarjei og Halldis ovanpå. Olav Vesaas vart takka for å ta i mot oss i barndomsheimen sin og gje oss denne store opplevinga. Det å reisa til Vinjekroa for lunsj (som viste seg å vera rogalandsk komlemiddag) kjendest nesten underleg etter desse to timane på Midtbø. Ingvar og bussen frakta oss så tilbake til Morgedal hotell, der me i nydeleg ver kunne summa oss og la dagens store oppleving på Midtbø søkka før det var tid for middag. Me var så heldige at me hadde fått avtale med Vinjebu, songar og Vinje-kjennar Aasmund Nordstoga denne fredagskvelden. Han kom til oss i Morgedal for å syngja og fortelja om sin namnebror Aasmund Olavsson Vinje (1818-1870). Nordstoga er bonde og driv gard like ved Vinjesenteret. Husmannsplassen «Plassen» med Vinjestoga er barndomsheimen til diktaren og ligg på Nordstoga sin gard. Vinje kommune eig Vinjestoga, og ho vert drifta som museum under Vinjesenteret. Me fekk høyra om diktaren sin oppvekst og korleis han tidleg utmerka seg med interesse for lesing, tok lærarutdanning som ungdom og vaksen, skulte i Mandal, gjekk på Heltbergs studentfabrikk i Oslo, utdanna seg til jurist og etterkvart vart ein godt likt journalist i Drammens tidende. Han starta i 1858 si eiga nynorske vekeavis, Dølen. I Oslo vart han kjent med både Bjørnson og Ibsen, og vart god ven med Ivar Aasen. Nordstoga fortalde og las frå «Ferdaminne», som Vinje skreiv i 1860 om reisa si frå Kristiania til Nidaros der ein svensk konge skulle krunast. Nordstoga veksla mellom fengslande forteljing og opplesing, og framføring av nydelege Vinjesongar. Vinje hadde «stor interesse for jentur» og flørta mykje, men var likevel damelaus svært lenge, noko han sjølv meinte skuldast at han «var så stygg»: Han var «veldig lang og veldig pengelaus», noko som gjorde det vanskeleg å finna klede. Endeleg fann han Rosa, ei skildtobarnsmor, dei gifta seg og fekk ein son i 1870, men Rosa døydde i barsel. Vinje var då allereie alvorleg sjuk, og sonen Olav vart teken hand om og vaks opp hjå nær familie. 52 år gamle Vinje reiste svært sjuk frå Oslo hospital til vener på Gran (Hadeland), og døydde der. Tre år seinare organiserte Bjørnson ei pengeinnsamling og æra venen sin med ein bautastein der han var gravlagd ved søsterkirkene på Gran. 2000 personar møtte då opp for å heidra diktaren Aasmund Olavsson Vinje. Aasmund Nordstoga fekk stor takk for å ha trollbunde oss med ord og tonar i halvannan time denne kvelden. Fylte av store inntrykk frå ein fantastisk fredag i Vinje runda me roleg av kvelden med drøs og allsongar.
Laurdag morgon 1. juni var tida komen for å venda nasen og bussen heimover. I nydeleg ver vart det ein kort stopp i Dalen med rusletur i parken rundt ærverdige Dalen hotell. Turen gjekk vidare vestover i Tokke, til museet Grimdalstunet der bilethoggar Anne Grimdalen vaks opp. Det vakre gamle gardstunet med eldste bygning frå 1600-talet var ein nydeleg plass for kaffipause og fredeleg vandring mellom gamle hus, med rev, bjørn og andre rovdyr frå Anne Grimdalen tittande fram i terrenget rundt oss. I dag som dei andre reisedagane vandra mikrofonen mellom setene i bussen, og me fekk både dikt og skrøner, personlege historiar, fakta og oppsummering av opplevingane våre dei siste dagane. Tarald og Tora, med sin vide kunnskap om m.a. geografi, kulturhistorie, litteratur og politikk, er historielaget si nærmast utømelege kunnskapskjelde også når me er på tur, noko me set stor pris på.
Vel nede i Setesdal vart det først ein middagsstopp på Sylvgarden i Rysstad, før me tok turen til Valle for å besøka sylvsmedverksemda Hasla som lagar Time historielag sitt Garborgsylv. I Setesdal fortalde Tora at den særprega setesdalskulturen i 2019 vart sett på UNESCO si verdensarvliste for immaterielle verdiar. Frå Valle gjekk turen strake vegen over heia til Jæren der trøytte og særs nøgde passasjerar kunne takka Ingvar og Silje for ein fantastisk tur, og ynskja kvarandre vel heim.
By John Smith posted July 30, 2015
Del denne sida!